Guddal kyrkje

Guddal kyrkje er ei langkyrkje av tre og alderen er å rekne frå 1870. Dette trass i at delar av kyrkja er mykje eldre. Dette er den tredje kyrkja som vi kjenner til på denne staden - garden Engja. I 1870 føregjekk det det ei så stor ombygging av Guddal kyrkje at ho framsto som ny. Då var gamlekyrkja skøytt på i lengda og påbygd i høgda, og kyrkja fekk ny kledning. Under denne påbygginga vart dei rosemåla tømmerveggane så skadd at kyrkja også måtte få ny panel innvendig. Til 100-års jubileet i 1970 vart den ytterlegare oppussa innvendig og fekk nye benkar, nytt golv og nytt panel, og det var også då kyrkja fekk elektrisk oppvarming men elektrisk lys vart installert i 1955 då elektrisiteten kom til Guddal.  

Guddal kyrkje

Kyrkja har 135 sitjeplassar og er såleis ei av dei minste kyrkjene i Sunnfjord. I løpet av «ein del» år har kyrkja fått rullestolrampe, nye vegglampar, nytt orgel, kyrkjetekstilar, nye innervindauge, lynvernanlegg, oppjustert sikringstavle, varme under benkane, brannvarslingsanlegg og lydanlegg. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"